Å halda liv i sine hender - av Maria Alvsaker, pedagog og leiar av Elefantrommet
http://blogg.bt.no/preik/2013/01/28/a-halda-liv-i-sine-hender/#.UQY9pakTtok
Mange skulekvardagar kunne vore enklare for barn og unge, dersom vi som arbeider med dei hadde hatt kunnskap om høgsensivitet. Høgsensivitet er eit karaktertrekk, ikkje ein diagnose. I andre land forskar dei og finn ut meir, nyttar seg av kunnskapen dei får inn og fortel vidare til dei instansane som treng å vite slikt..
Her? I Noreg? Her er vi fortsatt opptatt av KUNNSKAP. Kvifor ikkje sjå barn og unge for den dei er, og faktisk lytte til den VISDOMMEN dei sit med? Kvifor sitje så fast i systemet, og slik-har-det-alltid-vore, at ein ikkje tek tak og forskar på dette her òg?
Slik det ser ut no, så vert det berre fleire og fleire høgsensitive born. Kva med å "sprengje" grensene, og gje desse ungane moglegheiten til å blomstre?
1 comment:
Er ofte innom bloggen din for å se på strikkeprosjektene dine, men har vel sjelden kommentert noe... (Masse fine ting, altså)
Men så fant jeg denne artikkelen som traff meg så til de grader...
- kunne lese mye av meg selv og hvertfall et av barna mine inn der...
Har du linker til mer godt stoff om temaet mottas det gjerne med takk :)
Hilsen fra Elin
Post a Comment