Saturday, 26 January 2013
Elefantsokkar! :D
Det er ikkje ofte eg får heimestrikka julegåvar. Heng vel gjerne saman med at eg strikkar så mykje, at folk trur eg lagar til meg sjølv òg. Det gjer eg jo faktisk, men sokkar gjer eg som oftast vekk til andre. Sjefen på strikkebutikken derimot, ho veit kor stoda er og lagde desse kjempefine elefantsokkane til meg til jul/i avskjedspresang. Eg treng vel ikkje fortelle at eg nesten grein?
At eg etter endt tid på butikken skulle byrje å jobbe i eit føretak med namnet Elefantrommet, seier vel alt om desse sokkane? Masse tid, kjærleik, omsorg og lykkeynskjer om framtida ligg i dei. Eg vert varm om hjarte berre eg ser dei (og det gjer eg kvar dag, når dei ikkje er i vask). Snille gode sjefen min!! :)
Handmade knitted gifts are rarely for me. I guess it comes with knitting all that much myself, so that my family doesn't think I need anything knitted. I do knit for me, but not that often socks. Those I usually give away right away. My boss at the LYS knew this, and made me these beautiful elephant socks for Cristmas/moving on to a new job gift. Need I say I almost cried when I opened the gift?
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Stilige!
Snakk om treffende gave. Herlige gladsokker og med herlige detaljer som speiler DEG! :)
God helg, Bente!
Eli Kristin
Post a Comment