Tuesday, 1 January 2013

Bloggbursdag, og nytt år!! :D



Seks år har det gått sidan eg skreiv mitt første blogginnlegg! Seks år med masse kreativitet og hyggelege folk å dele det med. Bloggen fortsett nok framover òg, men dei første vekene no er eg usikker på kor det vert med Internett-tilgangen, for store ting skjer, og det er ikkje berre på bloggen det er forandringar framover.

I morgon startar eg i ny jobb, og i dag tek eg med meg den første delen av flyttelasset og flyttar sørover (riktignok berre på "hybel"). Den nye jobben omhandlar menneske! Endeleg får eg brukt lærarutdanninga og terapiutdanninga eg tok i London. Det vert sjølvsagt litt trist å forlate strikkebutikken her heime, men eg har tru på at det vert bra i Elefantrommet i Åsane/Bergen òg! :D

Eg ynskjer det nye året velkommen, og håper det vert eit godt år for oss alle. Godt nyttår, alle saman!! :D

PS: eg skulle gjerne hatt ei utlodning av gåve slik som i fjor, men det trur eg må vente til eg er sikker på at eg har Internett-tilgang ;)

11 comments:

Linda said...

Lykke til med nye jobben. Og godt nytt år.

Stine said...

Wow seks år! Lykketil med ny jobb og nytt hjem :) Misunner deg stort som får bo i fødebyen min, håper en dag på å selv vende tilbake :)

bare hege said...

Godt nytt, spennende år Bea, og lykke til med flytteprosess og ny jobb - jeg er sikker på at 2013 blir ett fantastisk år for oss alle!
Og så håper (og tror) jeg vi sees i løpet av året! :D

♥ Gamleheksa ♥ said...

Lykke til med alt det nye i 2013!

Birgitte said...

Gratulerer med bloggbursdag! Lykke til med ny jobb:)

Donetzka Cercck Lavrak Alvarez said...

VERY BEAUTIFUL!


KISSES



DONETZKA



MY BLOG:


http://donetzkatextosbonitoseimagenslindas.blogspot.com.br/

Marion Lexau Nødset said...

Godt nytt år og lukke til :)

Mayen said...

Godt nytt år og lykke til i Bergen byen ;o) Hadde æ ikkje bodd i nord,ville alternativ hjembu nr 1 vært vestlandets hovedstad ;o) Gleder meg til å følge deg videre med alle prosjektene dine på strikkepinner!(Som du vel fortsetter med selv om du ikke jobber i strikkebutikk leneger?)Klem

Bea said...

Tusen takk for hyggelege tilbakemeldingar! :D

Første dagen i den nye jobben er unnagjort, og eg gjekk heim med eit stort smil!

Hege: Eg gler meg til å møtast!

Mayen: Strikking vert det nok framover, sjølv om eg forlet strikkebutikken, ja ;)

Bente said...

Oi, seks år! Gratulerer! Og lykke til i ny jobb!

wigdis said...

Gratulere med bloggbursdag og lykke til med ny jobb.

Godt nytt år til deg.