Monday, 30 January 2012

Strikkepinnehus :)


Til jul fekk eg massevise av fine gåver, men berre ei var strikkerelatert. Eller, heller strikkepinnerrelatert får eg vel seie? To flotte heimesydde strikkepinnemapper for rundpinnar. Gjennomsiktige, slik at det er lett å finne fram! Designeren bak er sjølv rutinert strikkar, og dyktig på symaskin er ho óg :) Tusen takk, Anne-Karin!!


Den runde er til korte strikkepinnar, og kan opnast med glidelås midt på "magen". Inni ligg eit band som er sydd slik at ein kan putte pinnar av same størrelse inni kvar si "lomme". Genialt og heilt supert for å halde oversyn over kva størrelsar og pinnar ein har (eg skal skrive nummer på kvar lomme, når eg berre finn at den tynne sprittusjen min, altså!)


Den flate er til lange rundpinnar i ulike størrelsar. Mappa er bretta litt om ei anna på midten, så glidelås er overflødig. Pinnane ligg trygt og godt, og sidan den er gjennomsiktig er det lett å finne fram til den rette pinnen! Fordelen med bonusmødre, er at dei har full oversikt over favorittfargar og kule fargekombinasjonar :D


Two perfect houses for my knitting needles that I got for Christmas! Look-through plastic and my favorite colour combonations of green and orange. A real hit!! :D

3 comment(s):

Maret said...

Greit å ha orden i strikkesakene...

Linda said...

Stilig!

Birgitte said...

Så morsomme strikkepinnemapper:)