Wednesday, 12 March 2008

100 ting om meg(mens eg strikker ferdig dressen)..


Nabbmo la ut ei utfordring på bloggen sin, og eg måtte prøve. Here we go:

1. grønn er favorittfargen min
2. blå og brun er rimelig flotte fargar det óg
3. eg har ein tendens til å setje namn på ting
4. før elska eg å rette med rød penn
5. no aner eg ikkje lenger kor det skal vere komma
6. sist eg var på fjellet var eg på Lihesten i Hyllestad
7. å gå på fjellet er det kjekkaste eg veit
8. eg har få, men veldig gode venner
9. eg har alltid ønska meg ei storesøster
10. og fekk tilslutt ei ste-storesøster(absolutt ei heilt grei ordning)
11. den første pc'en min heitte Bærbare Bernt
12. og han var sjølvsagt bærbar!
13. eg har 26 reine par med bomullsokkar i skapet
14. kor mange som er i vask er uvisst
15. eg høyrer på Bryan Adams i smug
16. trening er teit!
17. faktisk så strauk eg i gym eit år på vidaregåande
18. og fekk latterkrampe når eg fekk karakterkortet ;)
19. eg liker å ta bilde
20. men sverger til autofunksjoner, då eg egentlig ikkje har peiling
21. strikking og hekling kjem høgt oppe på lista over ting eg likar å gjere
22. har lese sidan eg var 5
23. mitt lykkeligaste øyeblikk til dags dato var den julaftan eg fekk dukkevogn
24. den var brun utanpå og oransj inni
25. eg eig mi eiga rifle
26. eg har ikkje brukt den på jakt enno
27. men eg har skutt to ryper med hagle, og det gjekk heilt fint
28. eg må tørke tårer når eg ser noko trist på tv, eller les ei trist bok
29. eg er stadig på utkikk etter nye utfordringar
30. sykkelen min er knall gul(under all rusten)
31. eg har fullt ski- og friluftsutstyr
32. men har ikkje brukt noko av det dei siste åra
33. er optimistisk realist
34. og har difor ikkje solgt/gitt vekk noko av det
35. er ikkje blitt stor(les: vaksen) enno
36. men eg har vurdert å snart bli det ;)
37. postkassa mi er malt blå av mammaen min
38. den er egentlig broren min sin, derav den flotte Donald-figuren frampå
39. i Canada bruker dei ikkje blå Donald-postkasser(heldig for meg i grunn)
40. bilen min er sølvfarga og heiter Yardis
41. eg har gått på 6 ulike skular
42. og har flytta 12 gonger
43. knotar på dialekta
44. og blir derfor tatt for å vere bergensar
45. til og med av bergensarar(fordi eg ubevisst legg over dialekta når eg snakkar med andre)
46. eg har aldri likt bursdagen min
47. men eg liker at favorittonkelen min hugsar på den, og ringer kvart år
48. eg liker å vere i båt
49. eg er utdanna lærer
50. med hovudvekt på data og samfunnsfag
51. men liker verken datarelaterte ting eller politikk
52. eg har ikkje noko favoritt tall
53. men har av en eller anna grunn alltid mislikt tallet 7
54. all mat er godt, men kaker er best!
55. har 9 nyvaska par med heimestrikka sokker i kommoden
56. eg liker ikkje vesker
57. men elsker Monkee-veska mi som eg kjøpte av Monkee Maker
58. og har knapt vore utanfor huset uten den sidan eg fekk den
59. eg liker å vere ved sjøen
60. og kan sitje i timesvis og bere nyte å vere til
61. og då aller helst heilt aleine
62. eg trives godt i lag med barn
63. og må alltid holde babyar som er innanfor rekkevidde
64. eg har jobba både som kassadame
65. reinhaldar
66. dagmamma
67. og vaskeriansatt
68. eg er hekta på å hekle tepper
69. og treng strengt tatt ikkje fleire
70. så no har eg begynt å komme med kreative idéar for korleis eg skal bli kvitt dei
71. for eg har ingen planar om å slutte å hekle tepper
72. den første genseren eg strikka i vaksen størrelse var ein Marius-genser til meg sjølv
73. den har eg enno, men den er veldig slitt
74. den første babygenseren eg strikka var i 7 ulike fargar, og hadde masse mønster
75. eg har nok ofte litt store ambisjonar
76. men kjem som oftast i mål likevel ;)
77. vil helst klare meg sjølv
78. og har nok difor litt vanskelig for å be om hjelp
79. men det irriterer meg når andre ikkje ber om hjelp
80. eg har sterke meininger om det meste
81. men gjer som oftast ikkje beskjed før eg blir skikkelig provosert
82. eg har gitar
83. men kan kun 5 grep + skalaen
84. og musikk blir det ikkje, for eg kan ikkje sette grepa saman til ein melodi
85. men eg kan få til "Lisa gjekk til skulen" og "Nede på stasjonen"(ved å spille skalaen!) :D
86. eg er nynorsk-patriot
87. men skriv mest dialekt(derav all bokmålen som snik seg inn)
88. eg syng alltid høgt i bilen når eg er aleine
89. men aldri i dusjen
90. eg liker ikkje skjørt
91. og går helst i hettegensera og dongeribukse
92. å handle klær eller sko er verre enn pesten
93. og eg kjøper gjerne to av alt når eg først finn noko eg likar
94. majones på jordbærsyltetøy er faktisk godt!
95. salami på brunost óg..
96. eg blir snart 30
97. men har levd dei siste 4 åra i "husarrest", så i teorien eg er berre 26
98. når eg blir frisk skal eg ta att "alt"
99. ei veke ute i det fri med telt og sovepose står først på lista
100. *puuh* All respekt for Nabbmo som klarte å komme til 100!! Det var jammen vanskelegare enn eg trudde!!!

Nokon fleire som tek utfordringa? ;)

10 kommentarer:

Unsepus said...

Hehe, jeg leste alt og må si at du er god på assosiasjonslek! Du har forresten et luksusproblem med de heklede teppene, jeg har lyst på et, men hadde aldri i livet klart å bli ferdig med det. Let alone mange... :)

Bea said...

Dei fleste teppene er jo ganske små då.. ;)

Hobbygåsa said...

Morsomt å lese. Jeg prøver meg ikke engang, hjernen min vrir seg bare ved tanken. Men jeg blir gjerne med på nr. 99 - vi krysser fingre sammen. Klem!

Anonymous said...

Ja her var det sannelig litt nytt og overraskande. Det meste har no vert kjent i mange år.
Strauk du verkeleg på den gum-greia. Du som var bygdas fjell-geit og naturbarn. Som kunne ro, og fortøye jolla den sommaren du fylte 5. Som hadde klare oppfatningar av flo og fjære. Krangla støttehjula av sykkelen, for no kunne du sykle. Overleverte husmorvikaren ståande info om husets tilstand, då mamma var sjuk. Ville du ha ei rolig stund, satt du enten øverst i eit tre eller i godstolen og las i ei bok. Alt dette var sommaren du fylte 5.
Da hausten kom krangla du til deg førskule ett år før tida. Og kom heim att og var sur på læraren fordi du ikkje fikk skikkelige bøker og lekse. Det ordna seg etterkvart, det og.....og lykka var vel størst når du fikk gjere leksene til bror din, som ikkje orka meir...
Får eg vere med på telt-tur......

Klem frå mamma

Bea said...

Tok meg berre 2 timer, Hobbygåsa.. men eg forstår jo om du heller vil strikke ;) Klart du skal få bli med på nr. 99! Krysser fingrane, eg óg! *klem*

Mamma: ja, eg strauk i gym, men ikkje det siste året, så eg fekk jo karakter på vitnemålet.. *glis* Og ja, du skal få vere med på telttur du óg :)

Monica said...

Eg tok utfordringa! No er eg stolt!!

Hilde C. said...

"Bærbare Bernt" - herlig navn!

Jeg liker så godt leveregelen din om at pga husarresten blir du bare 26 og slett ikke 30. For det betyr at jeg slett ikke blir 40 i år, men 33 for 6 (eller er det 7?) gang. *synger falskt: Forever young, I wanna be forever young*

Min plan på nr 99 er å gå og gå og gå og gå i det uendelige. Hvis jeg treffer deg på telttur da, stopper jeg en liten stund og snakker garn med deg, før jeg går og går videre :-)

Bea said...

Hilde: "Bærbare Bernt" er grå, svær og veldig tung. Faktisk så var han større enn skrivaren som eg lånte med pappa.. Det seier vel litt? *ler* Men han var ein god følgesvenn den tida det varte..

Eg óg vil gå.. Langt og lenge! Men ein liten garnprat må ein vel kunne ta seg tid til, sjølv om ein er blitt frisk ;)

nabbmo said...

Oi Bea! For en fantastisk fin liste! :D Mnage ting her jeg kunne ha skrivi også!
Enig med Hilde C: Bærbare Bernt var ett herlig navn! Morsomt med navn på ting! (Min første bil het feks Sølvpilen fordi han var sølvfarga selvfølgelig!)

Kanskje neste liste får gå fra 100 til 200? Hehe!
Moro at flere tar utfordringa også! Jeg leser videre! :)

Ha en flott dag!

one K said...

Er imponert over at du har kommet på alle disse tingene!! Jeg tror ikke jeg skal prøve meg en gang :-)
Er bare innom for å ønske deg en riktig god påske!